Oppsummering etter dag to i Norway Cup
Då er dag to i Norway Cup over. Gutar 14 tapte sin kamp mot Løten medan Jenter 14 vann sin kamp 2-1 over Hadeland.
Dette betyr at dersom gutane vinn over Vålerenga i morgon klokka 11:00 kan dei kome til A-sluttspelet, dersom ikkje er B-sluttspelet innan rekkevidde.
Gutar 13 som hadde fri idag, kan nå B-sluttspelet ved å slå Skedsmo i morgon klokka 19:30.
Jenter 14 er så godt som klare for A-sluttspel etter sigeren idag. Slår dei Zimbabwe klokka 16:30 i morgon er dei puljevinnarar og.
Både spelarane, lagleiarane og foreldre ser ut til å kosa seg her borte. Fint vær gjer alt mykje enklare og. På kampen til jentene i kveld var det ikkje langt frå 50 rosendalssupportera på sidelinja, noko som gjev ei flott ramme rundt kampane!
Video finn de her og på Facebook