Overlevering av hjartestartar
I kveld 7. mars, vil Rosendal Turnlag få levert ein hjartestartar. Vi søkte Gjensidigestiftelsen om midlar til ein startar og vi var blant dei heldige som fekk dette. I kveld vil Sigurd Brattetveit frå Hjertevakten AS kome med hjartestartaren, og det vert overrekking klokka 19:30 ilag med Einar Holsvik frå Gjensidigestiftelsen.
Planen er å hengja den opp i gangen ved inngangen til gymsalen. Såleis vil den vera tilgjengeleg i treningstider og i skuletida iallefall.
Når tidspunkt er stadfesta vil det verte kurs i bruk av startaren. Då vil Sigurd Brattetveit halde kurs på dugnad for turnlaget. Det er då viktig at trenarar og andre som ynskjer, deltek på kurset.
Vi nyttar høvet til å takka Gjensidigestiftelsen og Hjertevakten AS for midlar og samarbeid.