Påminning om dugnad Palfinger Marine på Seimsfoss den 20. april
Gode medlem. Vil med dette minna alle på dugnaden hos vår gode hovudsponsor, hjørnesteinsbedrifta Palfinger Marine (tidlegare Harding) på Seimsfoss torsdag 20. april kl 17.00 – 20.00.
Bedrifta skal då, som tidlegare opplyst på laget si web & facebook side, setja verdensrekord med verdas største livbåt.
Rekorden går ut på å få 440 personar ombord i livbåten på under 10 minuttar. Båten vil liggja heilt i ro på land, og representerar såleis ingen store utfordring for oss som deltakarar.
Spre bodskapen og få gjerne med andre som har lyst å setja verdensrekord. Desse kan om ynskjeleg gje dugnadsbidraget sitt til Rosendal Turnlag (oppgje då at de vil gje/representerar Rosendal Turnlag ved påmelding).
Dei som deltek må vera over 15 år, og registrera seg på påmeldingslinken nedunder innan 18. april.
Kvar person som deltek, representerar kr 250.- inn på Rosendal Turnlag sin konto. Vi håpar difor at så mange som muleg vil delta!
Trykk for påmelding https://intra.palfingermarine.com/verdsrekord
Ynskjer med dette alle retteleg god påske.
med helsing frå hovudstyret
Jostein Hatteberg, leiar
Rosendal Turnlag
tel 489 94 213