Pangstart på haustsesongen

Rosendal j 14 reiste tysdag til Øystese for å møte tabelltoaren til det som var starten på haustsesongen. Med fire poengs forsprang, var målet å ta poeng for å halde avstanden bakover.


Heimelaget stilte med heile 14 spelarar, og med truleg eit bedre lag enn vi møtte i vår. Det skulle likevel vise seg at vi nok hadde forbedra oss enda meir.

Etter at Øystese var godt med og kom til nokre avsluttingar dei fyrste 5 min, tok vi meir og meir over og presterte kanskje årsbeste utover kampen. Etter snaue kvarteret kom fyrste målet signert Mari OF som verkeleg hadde sikta inn skuddfoten denne kvelden. To minutter seinare kom mål nr 2 før ho litt seinare fullførte hat-tricket ved å styre eit langskudd i mål frå ca 50 cm. Kristine stod bak vårt fjerde etter ca halvtimen, etter å utfordra på kant å banka ballen i lengste hjørnet. Øystese kom tilbake og reduserte på eit skudd som sneik seg inn via stolpen, før vi raskt svarte og Mari la på til 5-1 som vart stillinga ved pause.

Etter ein så god omgang er det ofte lett å dette litt saman etter pause, men vi prøvde å nullstille oss og gjekk ut for å vinne andre omgangen.

Kort sagt spelte jentene ein svært bra omgang, der spesielt forsvarsspelet var fantastisk. Kom og til fleire avsluttingar men denne gangen sneik dei seg på utsida av stolpen bortsett frå ved ei anledning. Mari OF syntes at 5 mål kunne vera passe og sørgde for at det enda med 6-1 siger. Dermed kunne tilskodarane på Rosendalsida (1 Stk) jubla, medan den meir fullsette Øystesesida var tause 😉

Fekk skryt av heimelagets trenarar kor gode dåke var blitt, vel fortent. Sjølv om dette heilt klart var ein LAGSIGER og eg sjeldan nevner enkeltspelarar, gjer eg eit unntak denne gang. Stort pluss til Mari som i motsetnad til mange ganger tidlegare, var veldig dyktig i avsluttingane denne kvelden. Og eit kjempepluss til våre to bautaer i forsvaret, Sara og Rikke som var glimrande.

No gjeld det å sjå vidare og alt på tysdag er det ny kamp der det igjen kreves full skjerpings.

LK