Pengegåve frå Sparebank 1 stiftinga

Rosendal Turnlag fekk tysdag 12. desember utdelt ein gåvesjekk på 52000 kr til skigruppa og 30000 kr til kjøkenutstyr til kiosken ved Rosendal Stadion. Totalt vart det delt ut 2,5 millionar kroner til 41 føremål. Det var Sparebank 1 stiftinga Kvinnherad som delte ut pengane.


Rosendal Turnlag var representert med Åsmund Mehl, Kåre Haugse, Johannes Guddal og Arvid Nes under overrekkinga av gåvesjekkane.

Turnlaget takkar for tildelinga.