Pengegåve til idrettstalent
Anders Bennæs er ein svært lovande friidrettsutøvar. Han har imponert så mykje at ein pensjonist i Rosendal torsdag overrekte 10.000 kroner til talentet.
Søren Herlof Albrethson (72) føreslo i desember Anders Bennæs til Grenda si kåring av årets namn i Kvinnherad, mellom anna på bakgrunn av hans strålande resultat under eit ungdomsstemne på nasjonalarenaen Bislett. Då Bennæs ikkje kom med i finaleheatet i kåringa, fann Albrethson ut at han ville visa støtte på anna vis. I eit hektisk friminutt på Rosendal ungdomsskule torsdag, overrekte han ein konvolutt med 10.000 kroner i.
Piggsko og stemner
– Du har imponert meg kolossalt med din innsats i året som gjekk. Prikken over i-en var nok resultata på Bislett. Og så spring du, skyt og spelar musikk, eg stussar på korleis du får tid til alt, innleia Albrethson.
Han meinte Anders utstrålar energi og innsatsvilje, og oppmoda talentet til å satsa vidare i år, gjerne innan tikamp.
– Men du har kanskje litt å gå på i spyd, meinte Albrethson.
– Eg jobbar med det, vedgjekk Anders.
Gåvegjevaren understreka imidlertid at det er få som kan leva av idretten, og vona at skulen derfor vil koma i fyrste rekke.
Anders sjølv var nesten mållaus over gåva.
– Dette er heilt fantastisk, konkluderte 13-åringen.
Umiddelbart såg han for seg at pengane skal nyttast til piggsko tilpassa hopp og til deltaking på stemner.
Takka og bukka
Far og leiar i Rosendal Turnlag si friidrettsgruppe, Ole Bennæs, var rørt der han stod, og måtte tørka vekk ei tåre eller to.
– Vi kan berre takka og bukka. Pengane er viktig, men vel så viktig er det å vita at folk følgjer med og set pris på det ein gjer. Eg håpar at vi kan få oppgradert banen i Rosendal, slik at alle barn i området føler dei får eit skikkeleg tilrettelagt tilbod, sa han.
Også Willy Kalsås, leiar i RT, var glad for gåva.
– Fyrst og fremst er dette fantastisk for Anders. Det er ikkje sikkert turnlaget kan hjelpa han til å bli verkeleg god, men då er det vår oppgåva å leia han vidare til andre. Eg vil dessutan gje heider til friidrettsgruppa vår som driv så godt under litt kummerlege tilhøve, roste han.
Etter den enkle seremonien, hadde Søren Herlof Albrethson eit lite hjartesukk å koma med.
– Eg set pris på sunn og frisk ungdom som held seg borte frå Steinparken og lavvoen på fredagskveldane, kommenterte han.
Han hinta til slutt om at den eine tusenlappen kanskje kunne gå vidare til Anders si idrettsglade syster, Helene.
Morten Nygård – www.grenda.no