Presisering kring basistrening

I samarbeid med Olympiatoppen køyrer vi basistrening i gymsalen kvar tysdag 18.00 – 19.15 fram til jul. Første økta går tysdag 13. november.


Basistreninga kan i periodar være intens i og teknisk krevjande.

Tilrådinga frå Olympiatoppen er å tilby opplegget frå 12-13 år og oppover.
Yngre utøvarar enn 12 år kan delta, men må då være særleg motiverte, treningsivrige og
budd på at det i løpet av treninga kan bli venting knytt til øvingar dei ikkje er
sterke nok eller har tekniske ferdigheiter til å takle.
Utøvarar under 12 år må ha ein av foreldre/føresette med på treningane.

Til alle som skal delta: Husk innesko og vassflaske!!!!!

RTL/Friidretten