Pressemelding frå Rosendal Turnlag
Andrejus Tereskinas, a-laget sin trenar frå Lithauen og Rosendal Turnlag er med verknad frå i dag 7. mai blitt samde om å avslutta samarbeidet. Årsaka til at vi saman valde denne løysinga er at kommunikasjonsproblema (språkproblema) mellom trenar og spelegruppa gjorde samarbeidet vanskeleg, og er slik partane ser det ein medverkande årsak til at resultata i dei fyrste seriekampane har vore dårlege.
Frå same dato overtek Kjartan Thoresen og Kjetil Helvik trenaransvaret. Fordi begge er spelarar får dei og med seg Sigurd Vikøren. I fyrste omgang vil dei leia a-laget ut vårsesongen. Om dei skal fortsetja til hausten, eller det vil bli tilsett ny trenar då, skal avgjerast på eit seinare tidspunkt.
Utover denne orienteringa ynskjer Rosendal Turnlag, fotballgruppa ikkje å kommentera saka.
Med fullmakt frå styret
Sigurd Vikøren