Rekrutteringsdag for gutar og jenter

Torsdag ettermiddag vart det arrangert rekrutteringsdag for gutar og jenter fødd i 2015. Formålet med rekrutteringsdagen er å promotere klubben og få rekruttert nye fotballspirer til klubben vår. Det er og ein fin arena for føresette å møtast og verte kjend med kva fotballgruppa tilbyr. Borna kan kome og vere med på leik med fotball i lag med eldre spelarar.

Vi fekk god hjelp  av dei ivrige trenarane, Siri Furdal og Vilde Hjelmeland frå J17 og Magnus Opedal Hass og Elias Jensen Eide frå G15/16.

Det vart eit godt oppmøte, og borna såg ut til å kosa seg på banen i sola. Det var tydleg nøgde born som gjekk heim med ny t-skjorte og sekk. Vi håpar og trur at fotballen gav meirsmak og at mange kjem tilbake når laga startar opp med trening.

Velkomen attende 😉

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.