Rosendal dominerte Kvinnheradsmeisterskapet i friidrett
Rekordmange born og ungdom frå Rosendal deltok i Kvinnheradsmeisterskapet i
friidrett som var arrangert på Husnes sist helg. 38 påmelde deltok i kring 180 starter. Og etter god innsats, mange gode resultat og ei røys med
personlege rekordar kunne gjengen reise heim til Rosendal med 125 medaljer.
Av desse var 57 gull.
Nokre resultat er på nasjonalt nivå. Sondre sitt diskoskast (34,74)er 5.
lengst i landet i år i G13 og Nikolai sitt diskoskast (33,42) er 8. best i
landet i G14. Kjempebra. Det beste resultatet i forhold til Tyrving tabellen
er Olav sitt kjempestøt i kule (2kg) på 7,80 tilsvarande 958 poeng og Anders
sitt hopp på 1,40 i høgde tilsvarande 930 poeng. I diskos kasta både Olav og
Kristoffer til meir enn 920 poeng. Dette lover godt.
Veldig kjekt at så mange foreldre var med begge dagane og med ferske bollar,
muffins, frukt og rikeleg drikke var det god stemning og stor entusiasme i
Camp Rosendal.
Resultata finn du her og bilder
frå stemnet finn du her
Vi vil prøve å arrangere lagsmeisterskap i friidrett før hausten er omme så
det er berre å fortsetje hardtreninga. Det blir trening kvar tysdag kl.
1800. I tillegg er det folk å trener friidrett onsdagne i 6 tida og
laurdagane mellom 14 – og 16.
Takk til alle for kjempeinnsats i helga!!»
Mvh
Kjersti