Rosendal G16 vann13-2 mot Bremnes

Rosendal fekk besøk av Bremnes2 torsdag 26.04, kampstart kl. 18.20.
Og for ein kamp det blei! Rosendal gav Bremnes2 ein real leksjon i angrepsfotball og den gløymer dei nok ikkje på ei stund. Gutelaget til Rosendal valsa over Bremnes2, og det vart til slutt så mange mål at det grensa til usportslig opptreden.


Sjølv våre sindige og rolege Triovener har latt seg imponere, og føler seg ein smule forbigått, bokstavleg talt. Utdrag frå Trio G16 sitt kampreferat, datert 26.04.:
«likevel ramla vi ned fra tabelltoppen, då Rosendal fleska til med storsiger og gjekk forbi på målscore. Nyt det så lenge de kan, indrelutengutar :)»
Og til Trio kan vi helse og sei, det skal vi! Og der vert vi liggjande iallefall i 14 dagar, til 3. serierunde startar 🙂

Rosendal var best mot Bremnes. Best i det meste. Bremnes klarte ikkje å halde det tempoet i spillet som gutene varta opp med.
Vi speler god fotball, med høgt tempo i spelet. Presisjon i pasningspelet, og mange variantar i angrepsspelet.

Sondre Eskeland imponerar stort med korleis han styrer den offensive delen av midtbanen, og legg til rette for den «grådige» angrepsrekka vår. Som består av Hans Fredrik Zimmer, Jakop Tveit, Simon Korttila og Vegar Bauge. Zimmer kom gong på gong rundt på kanten, og legg som vanleg presise innlegg. Og der venta Jakop Tveit som nikka inn 2 av dei, mens Simon tok seg av eitt på håve. Flotte scoringar. Simon Kortilla har ei ekstrem fart, og når han sett opp dampen, då slit dei fleste forsvar med å halda tritt. Vegar Bauge var god til å halde breidde, og hadde fleire gode forsøk på kanten.
Forsvaret vert berre betre og betre samspelt. Men det eine målet til Bremnes kom med eitt flott skot frå ca. 20 meter utan press på ballførar, ein liten glipp.

Til pause stod det heile 5-0. I pausen fokuserte vi på å fortsetja det høge tempoet i spelet og spele meir opp i bakrommet til Bremnes. Vi gjorde nokre byter etterkvart, Alexander Fredheim kom inn som venstre back og Hermund Døssland blei flytta fram på venstrekanten. Marius Myklebust kom inn for Vegar Bauge på høgre kanten. Eirik Fausk bytta med Jakop Tveit på topp. Cato Miljteig stod i mål og viser gode takter som vår siste skanse.

Målskorer:
Simon Korttila 5, Jakop Tveit 4, Hans Fredrik Zimmer 3, Sondre Eskeland 1.

Ingen gule kort

Med på kampen:
Cato Miljeteig, Kurt Raymond Jegteberg, Johannes Guddal, Vegard Ripel, Hermund Døssland, Håvard Furdal(kaptein), Hans Fredrik Zimmer, Sondre Eskeland, Vegar Bauge, Simon Korttila og Jakop Tveit.
Innbytera: Alexander Fredheim, Marius Myklebust og Eirik Fausk

Raymond Olsen
Trener G16