Rosendal G16 vs Oldboys

Det var tid for eit skikkelig lokaloppgjør mellom Rosendal sitt lovande gutalag og dei hardbarka herrane fra indre luten.Oldboyslaget hadde også styrka stallen med å henta inn unge, men lovande Jonas Havnerås og den erfarne damelags spelaren Tina Fausk.


Omgangane skulle spelast 4×20 minuttar og Åsmund Mehl skulle få håndtera fløyta under kampavviklinga.

Den første perioden bar preg av nåke usikkerhet fra begge lag igrunn, Oldboysane hadde ikkje trent på full bane i år og det blei nevnt ifra teknisk sone at «banen var større enn dei trudde». G16-laget var og nåke tafatte i duellane dinna perioden, det ble heller ikkje gitt nåke ved dørane fra Oldboys si sida. Gutalaget mangla Simon Korttila, men med Kurt Raymond Jegteberg på topp, så blir det som regel mål også. Gutalaget tok ledelsen i første periode og det var etter flott assist og forarbeid fra Vegar Bauge, og Kurt Raymond Jegteberg kunne enkelt setja ballen i mål fra ca. 6-7 meter.

I andre periode hardna det litt meir til, duellane blei fleire og Oldboys var lystne på redusering. Romar Skeie Olsen med «telling» etter møte med Kjartan Tungesvik og ballen uheldig i fleisen. Heldigvis var han snart tilbake på banen. Gutalaget spelte til tider god fotball, fine driv på midten med playmaker Hermund Døssland som også hadde nåken skuddforsøk under kampen, dessverre over mål denna gangen, men me veit kva han er god for med skuddfoten. 2.periode blei mållaus.

3.periode var igang, me hadde snakka i pausen om at me måtte snakka meir saman og unngå enkelte av dei brudda me fekk i midtleddet. Oldboysane fekk litt spelmessig overtaket denna perioden, og jeg er overraska over hurtigheten til enkelte av spelerane. Heldigvis har me Eivind Haavik, som ikkje akkurat er nåken sinke på banen. Eivind spelte ein god kamp og var viktig for oss da oldboys ofta dobbla opp på kantane og me måtte være kjappe i beina for å låse av.

Forsvarsmessig hadde me god kontroll sentralt i forsvaret, litt tellefeil på backene av og til, men me henta oss inn igjen. Dessverre fekk Oldboys lønn for strevet denna omgangen, stillinga 1-1 etter 3 periode.

På bilde ser me Cato Miljeteig som keeper for Oldboys, men han vart lova litt speletid, og det skulle han få. Kurt Raymond ned som stoppar,Eivind Bjørnebøle(keeper) måtte avslutta, så Kjartan blei erstatta i mål. Cato Miljeteig på topp for gutalaget. Og det må være herlig å stå imål for»bortelaget», for å så avslutta som spiss for heimalaget og i tillegg bli matchvinnar, gutalaget vinner 2-1.

Me får god trening denna kampen mot duellsterke menn, litt famlande i starten, men så tør me å ta tak i kampen og hevar oss utover. Tempoet i kampen er veldig varierande, me kunne nok prøvd å holdt eit større tempo gjevnt over. Er godt imponert over Oldboysane, dei varta opp med godt spel og fine bevegelsar.

Desse var med:
Eivind Bjørnebøle(keeper),Vegard Ripel,Kjartan Tungesvik,Ruben F Særsten,Eivind Haavik,Hermund Døssland(kaptein),Marius Myklebust,Henrik Bauge,Vegar Bauge,Joakim Vika og Kurt Raymond Jegteberg.Cato Miljeteig som keeper for Oldboys, 4.periode som spiss for G16.laget.
Innbytterar:
Jonas Are Mehl,Mattias Guddal,Alexander Fredheim,Christian F Særsten

Raymond B Olsen
Trener G16