Rosendal gut-14 puljevinnar

Etter seier tysdag kveld med 8 – 3 heime mot Halsnøy er Rosendal sitt smågutelag i 14-års klassen med ein kamp att klare som puljevinnarar i 2. divisjon pulje 1 i Hordaland.  Vi har denne sesongen så langt spelt 20 kampar i ein trippel serie (3 kampar mot kvart lag), og det var ei fantastisk glede å kunne avslutte som puljevinnarar før siste bortekamp mot Bremnes 2, som vert utan betyding for gruppesigeren. Vi har no 52 poeng mot Halsnøy sine 43, og med ein margin på 9 poeng kan ingen andre lag ta oss att. Sjå kopi av tabellen nedanfor.


 

Laget spelte i dag ein flott kamp mot Halsnøy.  Vi satsa på høgt press frå start, og allereie etter eitt minutt scora Jonas Havnerås sitt første av 3 mål i kampen etter fint pasningsspel. Jonas scora så 2 mål til før pause, og Sondre Eskeland eitt.  Halsnøy scora eitt mot slutten av omgongen, og med 4 – 1 leiing var vi nokså trygge på at sigeren var sikra.  Men Halsnøy har mange gode spelarar, og vi var einige om å fortsette å jobbe hardt, og etter 2 minutt i andre omgong auka Sondre til 5 – 1 og 6 – 1 nokre minuttar etter.  På slutten byta vi litt, og vart litt slappe i markeringane, men både Eirik Berge og Njål Hatteberg scora på flotte skot, medan Halsnøy reduserte 2 gonger, slik at sluttresultatet vart 8 – 3.

Det vart dermed feiring med champangebrus og seigedamer, og ein glad gjeng kunne reise heim for å lese til prøve på skulen dagen etter.

Som tabellen viser har vi denne sesongen vunne 17 kampar, spelt ein uavgjort og tapt 2.  Vi har scora masse mål, 128 totalt, som er eit snitt på 6,4 pr kamp.  Litt slepphendte har vi vore i forsvar med 44 mål i mot, men det er ikkje lett å vere konsentrert når ein vinn med mange mål i kamp etter kamp.  Toppscorar i sesongen er Jonas Havnerås med heile 59 mål, medan spisskollega Sondre Eskeland har putta 28 mål.  Andre målscorarar denne sesongen har vore Njål T. Hatteberg og Benjamin Ripel med 8 mål kvar, Hans Fredrik Zimmer 6 mål, Eirik Berge 5 mål, Kenneth Stensletten 4 mål, Joakim Olsen 3 mål, Kurt Raymond Jegteberg 2 mål, og Martin Hauge, Håvard Furdal og Johannes Taranger har score eitt mål kvar.

Vi har etter kvart i sesongen utvikla eit godt pasningsspel, og vi har klart å gjere det enkelt å score for spissane vore med mange gode innlegg både frå høgre og venstre kant.  Saman med godt forsvarspel har dette vore nøkkelen til suksessen for laget denne sesongen.  På det meste score Jonas 8 mål i ein kamp i 10 – 3 sigeren over Stord 2 i vår.  Mange av måla var omtrent ferdigscora etter fine kombinasjonar på midten og pasning ut mot kant som vart følgd opp av gode innlegg.

Vi har berre hatt 12 faste spelarar på laget denne sesongen, og med så mange kampar 21 totalt i sesongen) har gutane vist ein flott evne til å stille opp og prioritere trening og kampar med laget.  Dei som har vore faste spelarar er Anders Straume (94-årgang), Jonas Havnerås, Njål T. Hatteberg, Benjamin Ripel, Eirik Berge, Kenneth Stensletten, Joakim Olsen, Nikolai Ulvesæter og Martin Hauge (95-årgangar), medan Håvard Furdal og Sondre Eskeland (96-årgangar) og Kurt Raymond Jegteberg (97-årgang) har delteke fast  på dette laget som har spela i 95-klassen.  I tillegg har Hans Fredrik Zimmer frå Rosendal/Uskedal sit 96-lag delteke på meir enn halvparten av kampane, medan Johannes Taranger, Johannes Guddal, Jonathan M. Naterstad frå det same laget har vore med på einskilde kampar når vi har hatt fråfall av ulikt slag.  Ingeborg Ludvigsen har og vore med oss på ein kamp.  Tenarar for laget er Tor Øystein Havnerås og Per Inge Olsen.