Rosendal – Hordabø Radøy/Manger
Laurdag 7 mai fekk vi langveisfarande besøk av Hordabø Radøy/Manger til sesongens 5. kamp for J14. Dette er eit lag vi trudde vi skulle møta sluttspelet i 2. divisjon mester allerede i fjor haust, men dei rauk då på målforskjell i siste kamp, slik at dette blei første møte med jentene frå Radøy.
Alt låg til rette for ein flott kamp, med fint vær og eit par og tjue grader i lufta.
Ulike andre arrangement gjorde at vi mangla ein del spelarar, men vi stilte med 14 kampklare jenter.
Uheldigvis byrja det blåsa ein del like før kampstart, noko som gjorde at det vart vanskelig å få til noko godt spel.
Det virka på jentene som varmen og hadde ein del for dei virka litt sløve og ukonsentrerte til tider. Likevel var det vi som hadde mesteparten av spelet i første omgang, og etter 13 minutt sette Guro inn 1-0 på eit skot frå 16 meter.
Alle trudde at Silje hadde lagt på til 2-0 litt seinare då ho sette inn ein retur etter skot, men dommaren annulerte for offside.
7 minutt før pause kom likevel 2-0 målet då Guro sette ein straffe sikkert i mål.
Andre omgang vart ein stillingskrig med lite fint spel på grunn av vind og varme, men vi klarte likevel å sette inn ei scoring til då Andrea fekk pirka inn 3-0 midt i omgangen, etter eit flott innhopp.
Bortsett frå det skapte vi lite framover, og forsvaret rydda flott opp i sjansane til Hordabø. Dei få gongane Hordabø kom seg fri, var May Beate ute og rydda opp, slik at vi for første gong i år heldt nullen i ein seriekamp.
No er det spelefri eit par veker, og neste kamp blir då ein 7-ar kamp heime mot Harding 22. mai.