Rosendal J14 serievinnar

Tirsdag 24.sept tok Rosendal imot Njardar til ”toppkamp” i serien, siden det var snakk om dei to øverste plassane på tabellen. Med poeng her, ville jentene våre vera klar som vinnar av serien før dei to siste kampane.


Fyrste oppgjer mellom laga enda 0-0, vårt einaste poengtap i serien. Og nok ein gang skulle det verta ein jamn kamp. Begge laga hadde sine sjangser, og sjølv om vi følte vi var nerast mål stod det mållaust til pause. Vart enige om at var vi tolmodige og spela ball, så skulle vi ta sigeren mot slutten.

2.omgang var ikkje gammel, før eit langskudd frå Mari KL sneik seg inn med stolpen. Trur bortelagets målvakt feilrekna litt her.. Men gleda skulle ikkje vare lenge. Ei Njardarjente snappar ei tversoverpasning og skyt flott i lengste hjørnet bak vår gode målvakt Åshild og dermed er vi like langt. Etter dette har begge lag sjangser, vi dei fleste, men det ser ut til å gå mot poengdeling. Men så 2-3 min før slutt får vi til eit bra angrep der ballen til slutt endar hos Mari OF som set den sikkert i mål. Dermed vinn vi 2-1 og sikrar seriegull og kamp om Kretsmeister-tittel 16 november i Vestlandshallen.

Ingen spesielt god kamp frå vår side, men når enden er god osv…
No gjenstår to kamper, tirsdag 1.okt borte mot Granvin og torsdag 3.okt heime mot Jondal. Desse kan vi bare nyte og la spelarane få nye utfordringar ved å prøve litt nye plasser. Går sjølvsagt for 6 nye poeng og utan tap i år.
LK