Rosendal klare for 5. divisjon
Som dei fleste har fått med seg spelte herrelaget 0-0 borte mot Nordre Holsnøy på laurdag. Dermed er dei klare for opprykk til 5. divisjon i 2016. Iherdig innsats frå spelarane gjorde at heimelaget ikkje greide det dei måtte, nemleg å scora eit mål. Her er nokre bilete frå kampen.