Rosendal oldboys gjorde reint bord på Voss
Oldboyslaget er i helga på Smalahovecup på Voss. Med 4 kampar i seriespel var det duka for årets hending. Første kampen famla vi litt i starten mot Rubbestadneset, men vi vann tilslutt 6-2. Med denne gode starten gjekk vi på banen att etter ein halvtime mot Kolbotnlaget, Oterkameratane, og banka dei 6-1.
No var det nokon som øyna håpet om at vi skulle vinna heile turneringa. Neste kamp gjekk og etter ein halvtime, mot Camelkameratane frå Bergen. Denne kampen var prega av utruleg mange brente sjansar, men til slutt fekk vi hol på byllen og slo dei 3-0.
Siste kampen var mot Team best utan ball. Dette var og eit bergens-lag, men dei var litt kjappare i beina en dei andre vi hadde spelt mot. Dei hadde og vunne sine to første kampar og vi måtte vinna for å avgjera til vår fordel. Vi skora eitpar mål før motstandarden gjekk sure og klaga på det meste. Vi utfolda oss på heile skalaen og hadde mykje fint spel og vann tilslutt 5-0. Dermed har vi for første gong gjort det bra sportsleg i ein cup og vi er temmeleg nøgde. No er det snart premieutdeling der det vert ein ny pokal til pokalsamlinga til Rosendal Fotballen 😉
Laget:
Bak frå venstre: Torgeir, Frode, Jørn, Kenneth, Reinhard, Ukjent, Olav
Framme frå venstre: Rune, Sigurd, Håvard og Romar.