Rosendal sitt smågutlag tapte kvartfinalen

Rosendal sitt smågutlag har vert på cup i Haugesund i helga. Her nådde dei A-sluttspelet etter å ha spelt uavgjort mot 1. divisjonlaga Avaldsnes og Skjold. I tillegg vann dei 3-0 mot 2. divisjonslaget Forus. I kvartfinalen tapte dei 1-0 mot Erdal. Dermed var det slutt, men dei gjorde ein kjempeinnsats i Haugesund.