Rosendal tapte opprykkskampen

Det var duka for årets kamp i Rosendal sundag. Fleire hundre tilskodarar var møtt opp, og i lag med det flotte været var det ein flott atmosfære rundt kampen. Dei fyrste 15 minuttane var jamnspelte der det helst vart trilla ball til kvarandre. 0-1 kom etter eit flott skot som målvakta, Frank, ikkje kunne gjera noko med.



Rosendal måtte som kjend vinna for å få opprykk. Dei virka noko nervøse i fyrste omgong, og to hendingar i forsvaret førte Solid opp i 3-0 leiing før pause.

Rosendal måtte no ha minst fire mål i andre omgong. Tom Enes tente eit lite håp då han sette inn reduseringa til 1-3 etter omlag 60 spelte minuttar. Vegard Ludvigsen reduserte til 2-3 etter eit frisparkskot som gjekk rett i mål. Frisparket førde diverre med seg ein utvisning på Tommy Røssland etter at han mista hovudet etter å ha blitt felt. Dermed spelte Rosendal med ti mann resten av kampen.

Like etter reduseringa kom 2-4 målet til Solid. Frank Mehl var omtrent på midtbanen og klarerte, ein solidspelar fekk hand om ballen og skaut frå midtbanen og i mål. Ny redusering til 3-4, av Lars Johan Myklebust, hjalp ikkje til å dra heim sigeren. Dermed rykke Solid opp medan vi vert verande i femte til neste år. 

Vi gratulerar Solid og ynskjer dei lukke til i 4. divisjon til neste sesong. 

Her kan du sjå bilete frå kampen