Rosendal Turnlag arrangerer Baroniløpet!

Rosendal Turnlag arrangerer søndag 18.april Baroniløpet 2021. Det blir eit arrangement med sterkt fokus på smittevern, og i tråd med dei reglar og retningsliner som gjeld.

Arkivfoto Grenda. 

Det er påmelding med klubbar frå heile Hordaland. Det har vore spennande timar fram til pressekonferansen for å sjå om vi faktisk fekk lov til å arrangera. Det vert løp for born og unge til og med 19 år. Det vert og ein elitedel der utøverar må ha toppidrettstatus. Vi tek atterhald om at deltagerar utanfor Kvinnherad kommune, men utøvarar frå Hordaland kan delta, her får vi endeleg bekrefting frå høgste hald seinast fredag. Endelege startlister blir publisert straks vi veit meir. Rosendal Turnlag har og hatt dialog med kommuneoverlege Glenn A. Opland.

Vi ber om forståing for at tidsskjema ikkje blir publisert før fredag / lørdag, men fyrste start er kl. 12:30 (vi starter med dei yngste).
Samstundes minnar vi om at alle deltagarar (og trenarar) må setja seg inn i retningsliner og reglar som også vil bli oppdatert frå NFIF: Klikk her for retningsliner (NFIF)

NB: Vi ber om forståing for at vi må sperra løyper for uvedkommande, men slik må det vera for at vi skal kunna arrangera i tråd med retningslinene.
Trenerar, lagleiar, presse som ynsker akkreditering (tilgong til konkurranseområdet) må søkja til stemneleiar: jonathan@rosendal-turnlag.no (med namn, adresse og telefonnummer). Her er det begrensingar på antal – og vi ber klubbane søkja akkreditering samla og eventuelt med prioriteringsrekkefylgje.

Hjarteleg velkomen til fyrste arrangement i jubileumsåret 2021. Det er 120 år sidan Rosendal Turnlag blei stifta.

Det er også muleg å melda seg på ut torsdag 15.april. Men ein blir sett på venteliste fram til fredag, då vil vi har avklaring og oversikt.


Kontakt:

Dagleg leiar Jonathan Byrkjenes
jonathan@rosendal-turnlag.no
mob. 908 65 722 / 401 80 696

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.