Rosendal Turnlag har kjøpt digitalt videokamera
Rosendal Turnlag har gått til innkjøp av eit HD-digitalt videokamera. Kamera er meint lagleiarar eller trenarar skal kunna låna med seg ved idrettsstemne, fotballkampar og andre arrangement som turnlaget deltek på.
Det som vert filma vil vi redigera og så leggja ut her på heimesida. Allereie no kan vi seia at vi vil prøva å få til eindel filming på NorwayCup 2010.
Kamera er lite i format og er difor hendig å ta med seg. Kamera vil til ei kvar tid liggja klar til bruk på kontoret til underteikna i skålagato, Norske Landbrukstenester (gamle trygdekontoret ovanfor Spar).
Her kan de kome og signere det ut og ta det med på arrangement. Hugs å ta kontakt med underteikna i litt god tid slik at ikkje det vert problem med henting.
Redigering treng de ikkje tenkja på om ikkje de ynskjer å redigera sjølve då.
Romar Skeie Olsen
tlf 41765252