Rosendal vann fortent

A-laget til Rosendal avslutta vårsesongen med siger over Djerv som innehar tredje plassen i divisjonen. Rosendal var i høgste grad med på notane i denne kampen. Til pause stod det 0-0, men begge lag hadde sine sjansar til å skora.


Andre omgang byrja med eit Djerv lag som kom høgare på banen og pressa Rosendal litt bakpå. Etterkvart som mål til bortelaget uteblei, tok Rosendal meir og meir over banespelet. Likevel var det Djerv som putta 1-0 da det var gått rundt 80 minutt. Dei fleste på tribunen forventa nok då at løpet var kjørt, men heimelaget gav ikkje opp. Like etter vart innbyttar Trond Hellingsrud spelt fri og aleine med målvakta sette han sikkert inn reduseringa. Då var iallefall eit poeng innan rekkevidde.

Tre minuttar før slutt stod Jarle Vevik på rett plass til rett tid, målvakta gav ein retur på eit skot og Vevik hadde brått ope mål. Dermed sikra han heimelaget ein trepoengar før sommarferien! 

Mål til Djerv

Mål av Trond Hellingsrud

Mål av Jarle Vevik (litt ivrig filmtakar, så filmen vart so som so)