Rosendalsgutar scora mål på Brann stadion!

«Det var kjempegøy på Brannkamp forrige fredag» seier Magnus O. Hass og Sander E. Høyland som fekk vera med på pauseunderhaldninga på kampen. 


Dagen før les dei på Brann si heimeside at det var mogleg og vere med på pauseunderhaldninga, men dei måtte komma opp med ei god grunngjeving for bruken av premiepengane for å vera med. Gutane skreiv at dersom dei vann skulle dei bruka pengane på å reisa på fleire Brannkampar. Dette var sjølvsagt god nok grunn for Brann så dei fekk vera med.

Det var totalt 4 stk som vart trekt ut. Gutane  fekk vere med ut på midtbanen, og ein etter ein vart namna deira ropt opp. Då skulle dei skyta på minimål frå 15-20 meter, og mål vart det! Premien vart delt mellom gutane og ein annan som også scora.
Da er truleg mange år sidan ein frå Rosendal Turnlag har scora på Brann stadion, i alle fall til ståande applaus frå 10 700 elleville fans 🙂