Rosendalsjentene tapte på myntkast

Rosendalsjentene kjempa hardt i semifinalen. Dei spelte ein kjempekamp der dei hadde presset på motstandaren gjennom heile kampen.


Reglane i turneringa er slik at dersom det fortsatt er uavgjort etter 2×5 minutt ekstraomgongar skal kampen avgjerast på myntkast. Diverre gjekk det ikkje Rosendals sin veg på myntkastet denne gongen heller. Det er 6. gongen Rosendal tape ein kamp i Norway Cup på myntkast, seks av seks moglege. Dette er utruleg bitter melder dei frå sletta og jentene greide ikkje å halda tårene borte.

Uansett jenter; De har gjort ein kjempeinnsats i cupen! Vi her heima har fått spenning til siste slutt, takk skal de ha!

No er det småjenter 14 som skal i elden klokka 16:40