Rosendalsjenter på sonesamling

Forrige laurdag var Ina, Silje og Thea på sonesamling på Avaldsnes. Som ein ser på bileta så har dei gode treningsfasilitetar på Avaldsnes. Damelaget til Avaldsnes er i Champions League og trenar 10 gonger i veka. Jentene frå Rosendal var godt nøgde etter samlinga. Ina er invitert til talentsamlinga som Sandviken arrangerar i vinterferien, der skal ho vera i tre dagar og gler seg sjølvsagt til det. Vi ynskjer lukka til. (Alle foto: Terje Sandvik)

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.