Rotula 2011

Då er Rotula 2011 lagt ut på nettet. I papirversjonen manglar årsmeldinga til gutar-03, desse er med i denne versjonen. Klikk deg vidare for å lesa.


Det viser seg at det er meir som ikkje er komen med i papirutgåva. Det gjelder turngruppa. Den vil bli lagt inn i Rotula (pdf) seinare, men her kan du lesa om meldinga frå turngruppa foreløpig.

Barnetrim 0-3 år: Her har Monica Musland Massey og Cecilie Opedal vore leiar. Rundt 10-12 ungar har fått boltra seg med forskjellige apparater. Her har vore slengtau, hopping på tjukkas, turning på matter og avslutta med samling på tjukkas og song. Tidspunkt for trimmen har vore lørdagar fra 16-17.

Barnetrim 4-6 år: Her har Inger Johanne Hauge vore leiar. Dei har hatt trim kvar mandag kl 17-18 fra august og til november. Her har ca 20 ungar fått eit variert innhald. Dei har hatt litt intro til idrettskulen, brukt sleng tau, tarzan løype, ballkasting og sparking, doktor tikken, inne bandy, hopp og salto, ertepose stafett, politi og røvar og mange andre leikar. Inger Johanne har utfordra dei litt i balanse og koordinasjon.

Dansetrim: Leiar for dansetrimmen (zumba) har vore Siv Lorentzen Furdal.

Begynte i august med stort oppmøte, ca 40 stk. Dabba litt av etterkvart men har i gjennomsnitt vore 15 stk på trening. Dansetrimmen er ein flott og kjekk form for trening til fengande musikk. Alle kan delta og alle får dette til. Oppfordrar mange fleir til å møte opp på desse treningane.

Dame/Herretrim: Leiar her har vore Reidun Nerhus.

Dette er god sirkeltrening med 17 forskjellige øvelsar på 45 sek intervallar til musikk. Knall kjekt og hard trening.

Her har vore lite oppmøte, bare i underkant av 10 stk på trening. Her er plass til mange fleir, også MENN.

» Heile Rotula finn du her