RT – Oppstart løpargruppe

Hugs oppstart av løpargruppe tysdag 1. september kl 19.00 i Rosendal.
Del vidare, og inviter gjerne med andre du trur dette er interessant for.

Rosendal Turnlag inviterer med dette til oppstart av eiga løpargruppe, eit lågterksel tilbod til alle som likar å jogga og mosjonera.
Start tysdag 1. september frå Rosendal Samfunnshus kl 19.00.
Herfrå joggar/går vi opp til Myrdalsvatnet og ned igjen til sentrum, noko som gjev god distanse og bakketrening.

Treninga blir leia av Marit Nymoen, nyinnflytta amatørløpar i Rosendal.

Krav til å bli med:
Alle kan vera med, uansett alder!
Marit ynskjer å samla løps og turglade mosjonistar til trening i eit sosialt fellesskap som passar både for dei som har trent lenge og dei som ynskjer å koma i betre form.

Løype/treningsarena:
Opp og ned til Myrdalsvatnet + naturen rundt Rosendal.

Påmelding:
Inga fysisk påmelding anna enn at ein møter utanfor Rosendal Samfunnshus kvar tirsdag kl 19.00.
Nærare info – Marit Nymoen tel 456 67 327

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

11 + 5 =

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.