Seier borte mot Fitjar

Jenter 13/14 vann i dag 3-0 borte mot Fitjar.

Det såg ut som om jentene var sletne av å reisa i starten av første omgang og Fitjar var farleg frampå fleire gonger. Med anna fekk dei annulert eit mål for offside. Etter nokre justeringar i forsvar kom vi inn i kampen og det var ikkje noko å sei på at vi leia med et mål til pause etter scoring av Ingeborg. Det må seiast at vi spelte i motvind i første omgang.

I medvinden i andre tok Rosendal fullstendig over kampen og produserte målsjanse etter målsjanse. Det Fitjar produserte tok Thea seg av som vanleg. Ingeborg scora to mål til og fastsette sluttresultatet til 0-3. Med det lever fortsatt håpet om medalje.

I dag var vi 13 jenter som stilte, alle med kjempeinnsats. Ei ekstra takk til Åshild som var med og bidrog positivt på kort varsel.

Neste kamp er heime mot Bømlo neste sundag kl 16.