Seminar og leiarmøte
Rosendal T.L. Fotball var representert med fire deltakarar på møte på Thon hotell på Flesland 12.02. Desse var Ivar Mehl, Tina O. Skår, Inga Øye og Arvid Nes. Fyrste del var gjennomgang av årsmelding og utdeling av diplomar og krus til klubbane som har vunnet meister -og kretsmeistertitar i 2011. Rosendal vann 2. div. for jenter 16 år. Inga Øye og Tina Skår mottok premieane på vegne av R.T. og laget.
Tina og Inga i lag med Stig Inge Bjørneby (Foto: Arvid Nes)
Andre del av møtet var et seminar med tidligare Liverpool spelar Stig Inge Bjørnebye. Han haldt eit særs bra føredrag. Her var det mykje kunnskap å henta, og fleire klubbar frå Kvinnherad burde vore med. Rosendal var eineste deltakarklubb fra Kvinnherad. Det er sjeldan at vi har fått så mykje kunnskapsformidling om breiddefotballen.