Seriedag i Herøysundet for G10

Onsdag kveld var det klart for nest siste seriedagen for gutar 10 år. Vi reiste til Herøysund med to jamne lag som spelte 2 kampar kvar.


Første kamp til lag 1 var mot Trio 1. Her vart det jamnt til siste slutt. Trio trakk det lengste strået denne gongen og vann 6-5.

Lag 2 spelte sin første kamp mot Uskedalen. Denne kampen starta med at Uskedalen putta til 4-0 i første omgang. Rosendalsgutane sto på i andre omgang og gjekk opp i leiinga 5-4 mot slutten. Uskedalen utlikna like før slutt og kampen enda 5-5.

Lag 1 spelte sin siste kamp mot Strandulv. Dette vart og ein jamn kamp der vi først gjekk opp til 1-0. Strandulv utlikna like etter til 1-1, før vi putta det avgjerande målet og vann 2-1.

Siste kampen til lag 2 var mot Trio 2. Her hadde gutane stort sett kontroll og vann til slutt 5-3.

No er det HeioCup på sundag som står for tur. Med god innsats og konsentrasjon vil nok gutane få ei god oppleving her og!