Seriefinale G16

G16 Trio-Rosendal (seriefinale), 16.06.kl 1300. Vårens store oppgjer med lokalderby mellom serieleiar Trio og Rosendal som ligg på 2.plass. Alt var duka for eit spennande lokaloppgjer mellom dei to beste laga i 2.divisjon avd 3. Det var Rosendal som kom best i gang, litt ut i 1.omgong fekk Sondre Eskeland til ein fulltreffar og vi leia 1-0.


1. omgongen var gjevn med fleire halvvegs forsøk frå begge laga, Trio sine gode stopparar gjorde det vanskeleg for den elles så gode angrepsrekka til Rosendal. I den andre enden var Rosendal og solide, med godt forsvarsspel frå midtstoppararane Kurt Raymond Jekteberg og Tobias Frislev. Trio hadde og i 1. omgong problem med å etablera skikkeleg spel på kantane sine, der Vegard Ripel og Hermund Døssland rydda opp det som var av sjangsar i 1.omgong. Det nærma seg slutten av omgongen, og det såg ut til at pauseresultatet skulle verta det eine målet til Rosendal. Slik gjekk det desverre ikkje. Trio utlikna på eit langskot, som med rett skulle vore keepermat for vår sisteskanse Eivind Bjørnebøle. Litt synd at Trio utliknar på slutten av omgongen, då det er eit psykologisk overtak å kunne gå til pause med ei leiing. Totalt sett eit rettferdig bilete av ein elles så sjangsefattig og litt tafatt omgong frå begge lag.

I 2. omgong hadde Trio tydeleg fått litt pepar i pausen, og starta med eit større tempo i spelet, og Trio var meir aggresive med å gjennvinna ball på midtbana. Vi snakka i pausa om at kantane våre med Hans Fredrik Zimmer og Vegar Bauge saman med Sondre måtte skyva meir inn for å hjelpa Håvard Furdal på midten ved utspel. I denne kampen var vi ikkje gode og strukturerte nok til å ta ansvar, Trio hadde full kontroll på midten og vant dei fleste duellane i 2.omgang. Trio auka ganske tidleg i omgangen til leiing 2-1. Rosendal fekk ikkje noko flyt i spelet og vart springande meir etter ball, enn med ball, og det er ikkje noko godt teikn. No skal det nemnast at Rosendal hadde to klåre målsjangsar i 2. omgongen, som det fort kunne blitt utteljing på. Flott innlegg frå Simon Korttila frå høgrekanten, og framom mål venta Hans Fredrik aleine med keeper. Desverre traff han keeperen til Trio og inga utlikning, men eit flott angrep. Vi gjorde nokre byte unervegs, Alexander Fredheim kom inn som venstre back, då Hermund vart flytta opp på venstre midtbane. Marius Myklebust kom inn på høgre midtbane ut i 2. omgong. Vi hadde med keeper Olav Lernes, som debuterte på G16 laget i denne kampen; ein veldig lovande keeper! Han gjorde ein god innsats på slutten av 2.omgongen, og vi gratulerar med debyen!

Som trenar er eg litt skuffa over at vi ikkje presterer betre når det gjeld vilje til å gjennvinne ball. Røyrsla og løp rundt ballførar var for dårleg i denne kampen. Vårsesongen totaltsett har vore overraskande god, med 2.plass i 2. divisjon, heile 4 poeng framom nr 3 på tabellen.

  • Kampen enda til slutt 5-1 til Trio og det var fullt fortent etter at dei tok over det meste av spelet i 2.omgong. Men vi skal møta Trio att til hausten, og då er det heimekamp, og nye mogelegheitar til å retta på feil, slik at vi kanskje kan få ein HERLEG revansj. Vi kan nemne at Trio har eit lag som inneheld i hovudsak 96- spelarar, det var 3 stk 97 spelarar i denne kampen for Trio. Rosendal stilte med eit ungt mannskap, kun 3 stk 96 spelarar, ein 98 spelar, to 99 spelarar og resten 97 spelarar. 

    Vi vil takka Trio for god sportsånd, hyggeleg mottaking og Fair Play. Til dømes fekk vi utdelt ein ballnett til disposisjon under oppvarming. Flott! Vi kan ikkje seie det same om mange av dei andre laga vi har møtt denne vårsesongen.

    Målskorar: Sondre Eskeland 1
    Gule kort: Håvard Furdal, Rosendal

    Desse var med: Eivind Bjørnebøle, Vegard Ripel, Kurt Raymond Jekteberg, Tobias Frislev, Hermund Døssland, Håvard Furdal (kaptein), Sondre Eskeland, Jakop Tveit, Vegar Bauge, Simon Korttila, Hans Fredrik Zimmer.

    Innbytarar: Olav Lernes (99 mod), Mats Olsen (99 mod,) Alexander Fredheim, Marius Myklebust (98 mod)

    Trenar G16
    Raymond Olsen