Serieopning for Jenter 14

lagbilde Eidsvag 2016Søndag var det klart for første seriekamp for J14 laget. I år spelar vi for første gong 11ar fotball og har havna i gruppe med mange Bergenslag. Med dette i bakhovudet så vi var litt spent både på å spela på stor bane, og styrken på motstandar Eidsvåg, som vi aldri har møtt før.

Vi hadde ein treningskamp mot Trio like før seriestart og trenar Tor brukte erfaringar frå denne for å legga slagplanen for dagen. Kontant spel i forsvar, tidlig opp på raske vingar og innlegg på spiss. Det viste seg at det var ingen grunn til å vera nervøse, for jentene tok tak i kampen fra start. Etter 3 minutt fossa Thea forbi på høgrevingen, og det gode innlegget gjekk via ein Eidsvåg spelar og i mål til 1-0.

Vi fortsette i samme stilen, med stor fart i angrep og gode innlegg, og etter 5 minutt  la Ina på til 2-0, og så 3-0 like etter. Martha ville og vera med på leiken og sette inn 4-0 før kvarteret var gått.

Eidsvåg reduserte til 4-1 midt i omgangen, men Ina hadde så vidt starta målshowet for dagen, og sette inn 5,6, og 7-1 i løpet av 5 minutt, før Guro avslutta 1. omgang med å knalla inn 8-1 på overtid.

Etter ein fantastisk første omgang der alt stemte så måtte andre omgang bli ein antiklimaks. Jentene tok det rolegare og slapp Eidsvåg inn i kampen. Etter 10 minutt reduserte bortelaget til 8-2 med eit fantastisk langskudd.

Etter 20 minutt av andre omgang fekk Ina nok ein gong litt ledig rom, sprang fra forsvaret og sette inn 9-2, som og vart sluttresultatet.

Alle spelte bra i dag og dette var ein skikkelig lagsiger, med ein ekstra pluss i margen til Ina som var i det umulige hjørna i dag, med 6 mål.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

seventeen + three =

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.