Seriestar for G16

Bortekampen mot Fitjar starta verst tenkeleg. Rosendal hadde ballen mest og skapte fleire gode sjansar som lett kunne resultert i mål. Forsvaret var godt organsiert og haldt spissane til Fitjar under særs god kontroll. Men på eit merkeleg vis ligg brått eit utspark frå målvakta til Fitjar i nettmaskene. Fitjar går opp i 1-0 leiing til stor jubel frå tribunen.


Vi reiste oss med ein gong og fekk ei meget fortent utlikning. Så skjer det igjen, frispark frå 25 meter, ballen vert løfta høgt inn i boksen og endar i mål. 2-1 til Fitjar.

Rosendal pressar på igjen og skapar flerie gode sjansar, men som vanleg i kampen får vi ikkje utteljing, dette mykje grunna røft spel av Fitjar som gjekk mykje i kroppen på spelarane istaden for etter ball.

Endelig 2-2, trenaren for Rosendal er godt nøgd, no kunne vi gå til pause med eit godt utgangspunkt for neste omgang.

I pausen tok vi eit lite oppgjer med å få betre samspel og vinne litt fleire duellar på midten. Nå løyste det se etterkvart. Rosendal skora 3 mål i 2. omgang medan Fitjar skora null og dermed vann vi kampen 5-2. Meget fortent!

Vil gje mykje ros til forsvaret i denne kampen, Johannes Guddal, Kurt Raymond Jegteberg, Vegard Ripel og Hermund Døssland, det var ikkje lett å vere angripar for Fitjar når dei skulle ta seg forbi desse gutane som var så godt organisert.

Simon og Sondre vart godt pakka inn som vanleg, men klarte å frigjera seg av og til og då vart det fort uro i forsvarsrekka til Fitjar.

Marius Myklebust fortset å imponera (98 modell), med å levere solide kampar for G16-laget, han havmna og på skoringslista i denne kampen, Strålande:)

Målskorarar: Simon Korttila- 2, Sondre Eskeland-1, Jakop Tveit-1 og Marius Myklebust-1

Eit Gult kort til Fitjar.

Desse var med:
Eivind Bjørnebøle, Vegard Ripel, Kurt Raymond Jegteberg, Johannes Guddal, Hermund Døssland, Håvard Furdal (Kaptein), Hans Fredrik Zimmer, Vegar Bauge, Sondre Eskeland, Simon Korttila, Jakop Tveit.
Innbytarar: Alexander Fredheim, Marius Myklebust, Eirik Fausk og Henrik Bauge.

Raymond Olsen
Trenar G16