Seriestart for G16

Etter at 7ar laget til G16 tapte 4-6 heime for Fitjar i seriepremieren i 3. divisjon, var det klart for første kamp for 11ar laget i 2 divisjon Hordaland. Bortekamp mot Smørås lørdag 12 april.

Under sure forhold med regn og vind var det Smørås som kom best i gang, og allereie etter 5 minutt gjekk heimelaget opp til 1-0.
Rosendal kom betre med i kampen utover omgangen og skapte sjansar, men det var likevel Smørås som fekk ballen i mål etter tafatt forsvarsspel av Rosendal, og stillinga var brått 2-0.

Dette virka som det tente gutane, for dei starta å trø til i duellane, og overtok initiativet.
I løpet av eit par minutt hadde Olav Lernes ordna balanse i regnskapet.
Først med eit godtskot som endra retning i ein forsvarar og gjekk i mål, så med ei flott forsering der han sprang fra forsvaret, runda keeper, og trilla ballen i det tomme målet.

Vi sat no berre og venta på neste mål til Rosendal, og då skjer det som ofte skjer. Ein Smørås spelar kom fri på kanten og fekk lagt inn til ein umarkert medspelar som sette inn 3-2 til heimelaget.

Første omgang var fremdeles ikkje ferdig, og like før pause var Kristoffer Eskeland på rett plass til rett tid, og sette inn 3-3, etter at keeper måtte gi retur på eit frispark fra Kjartan.

Fleire mål vart det ikkje denne kampen sjølv om det var sjansar begge vegar også i 2. omgang, og vi fekk dermed med oss 1 poeng hiem fra seriepremieren.

Neste kamp for 11ar laget er heime mot Kjøkkelvik/Olsvik lørdag 26 april, etterfulgt av kamp for 7ar laget mot Njardar7Tysnes.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

1 × 4 =

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.