Seriestart J-99
Tysdag kveld tok jenter 14 år imot Øystese til ein framskunda seriestart. Og kampen starta som eit fyrverkeri, for etter om lag 6 min var det skora heile 4 mål. Bortelaget tok leiinga før to min var godt, før Rosendal skrudde opp farten og putta tre raske ved Solveig, Mari K.L og Mari O.F.
Etter dette hadde heimelaget god kontroll ut omgangen, uten at sjangsane gav resultat i form av fleire mål.
2. Omgang fortsatte der fyrste slapp med eit overtak til heimelaget. Var ikkje like presise i pasningspelet no, og alle dødballsituasjonane vart det og lite ut av. Men vi kjempa på og Catrin gav ikkje opp på ein litt lang pasning og sette inn 4-1. Litt seinare banka Mari K.L inn sitt andre og vårt siste mål i kampen. Øystese hadde og enkelte sjangsar, med Åshild i mål avverga den farlegaste med ei god eihandsredning. I sluttminuttane fekk dei likevel reduseringa slik at kampen enda 5-2.
Mange som fekk prøva seg i litt ulike posisjonar, uten at det påverka nivået på negativt vis. Skal ha ros for god jobbing og stå på haldning. Neste kamp vert etter planen 23.april borte mot Strand-Ulv
Leiv Kristian