Sesongopning for J11

J11 laget til Rosendal, som er ei god blanding av 2002 og 2003 jenter, hadde sesongopning borte mot Trio 18 april. Dette var vår første kamp med stor bane og 7-ar fotball så det var spennande å sjå korleis jentene ville takla dette.


Forutsetningane var ikkje dei beste med kun 7 spelarar og skikkelig haustvær, men jentene bretta opp armane og tok tak i kampen fra start.

Allerede tidlig i kampen var vi nære på å ta leiinga då Ina skaut via keeper og i stolpen, men jentene jobba og sleit og kom til fleire sjansar utover omgangen.

Til slutt fekk vi utteljing da Ina nok ein gong kom til skudd, og denne gongen klarte ikkje Trio keeperen å avverga. Dermed 1-0 til Rosendal.

Bakover hadde vi god kontroll, og Lene som storkosa seg i drittværet rydda unna det som kom, i lag med resten av forsvaret.

Utover i andre omgang begynte kreftene å ta slutt, og då vi ikkje hadde med oss innbyttarar blei det store sjansar til begge lag.

Keeper May Beate, som for anledningen stilte i 2 drakter pluss jakke for å halda varmen, tok seg av dei skudda som kom forbi forsvaret, og då heller ikkje vi klarte å få ballen i mål fleire gonger, enda det til slutt 1-0 til jublande og slitne Rosendal jenter.

Dei som var med var: May Beate, Lene, Dina, Martha, Marte, Guro, og Ina.

Neste kamp blir heime mot Uskedalen så her er det berre å stilla opp og heia.

Erlend