Sesongopning jenter 11 år
Jenter 11 år hadde sesongopninga borte mot Odda onsdag 6. mai. Odda vart for sterke og vann heile 7-1. Vi har i år ein liten spelarstall, men 1999-laget hjelper oss med eit par spelarar slik at vi kan stilla 7-er lag.
![]() |
Laget som spelte i Odda. (Klikk for større) |
Torsdag spela vi heime mot Solnut, og dette vart ein jamn, underhaldande og målrik kamp som Solnut til slutt vann 8-5. Flott at mange foreldre og andre møtte opp for å sjå denne kampen, og for spelarane gir dette ekstra inspirasjon.
Laget manglar oppmann, og det hadde vore flott om nokon kan ta på seg denne jobben. Ta kontakt med Arvid Nes eller underteikna.
Med venleg helsing
knut.forland@online.no
Trenar