Siger for Lillejenter 98

Lillejenter 1999 spela i går borte mot Skare IL og grunna fleire forfall vart det denne gongen 5-er fotball. Det er ikkje alle som er like heldige som oss i Rosendal når det gjeld baneforhold, og Skare IL er blant laga i Hordaland som må spela heimekampane sine på grusbane.


Etter to tap på rad slo Rosendalsjentene til med ein kjempekamp, og vann til slutt fortent heile 5-1. Mone og Natalie scora begge 2 mål, mens Mari Klette Leganger scora eit.

Slikt må feirast, og etter kampen bar det difor rett til Peppes Pizza i Odda.

Neste kamp er heime mot Odda onsdag 20. mai kl. 18.00.

Mvh
Knut