Siger for smågutar 14 år
Fyrste kampen til smågutane vart ein suksess. Banen på Heio var strålande, nyklypt og flott. Endre Myklebust stod for oppmerking medan føresette sto for kaffi og kake. Trenar, Kjell Erik Taranger, komponerte eit bra lag til serieopninga.
Bremnes 2 er ein motstandar vi forventa skulle vera den beste i pulja, men Uskedal/Rosendal er i god form og samtlege arbeidde for kvarandre. Med mange flotte kombinasjonar og mål halte vi i land årets fyrste siger. Kampen enda 7-5 til Uskedal/Rosendal. Vi takkar Olav Lernes for å dømme kampen, og ein takk til alle som såg på kampen, samt kaffi og kaker.
Helsing
Jan Jaap Boot