Siger i siste 7`ar kamp

Gutar 12 år reiste tysdag kveld til Odda for å spela årets siste kamp, og siste 7´ar kamp. Neste sesong vert det 9´ar fotball på gutane.


Kampen starta godt for Rosendal. Gutane spelte langs bakken frå forsvar, via midtbanen til angrep. Mykje bra spel, men mål vart det ikkje i opningsminuttane. Odda Rød er eit godt lag med enkelte særs gode spelarar. Og det var ein av desse særs gode spelarane som skulle opna målkontoen for Odda. Vedkommande fyra av frå nær sagt midtbanen og klinkar ballen bak ein noko overraska Ola i mål. Dermed gjekk Odda opp i 1-0.

Rosendal hang litt med hovudet ei lita stund etter kalddusjen, men dryge 7-8 minutt etter vart Torstein spelt gjennom, han skyt på direkten, målvakta til Odda har nevane på ballen, men klarar ikkje unngå baklengs. Dermed 1-1 og gutane løftar hovudet att.

Berre nokre minutt etter er det klart for ny skåring til Rosendal. Øystein kjem seg fri på venstre kanten og skyt mot mål. Målvakta må gje retur og Torstein er frampå med ei lang tå og ordnar 2-1 leiing. No er vi på sporet og Sander skyt oss opp i  3-1 medan Marcus fastset pauseresultatet til 4-1 etter skot frå nærast død vinkel.

For fyrste gong i år hadde vi gløymd å shoppa bananer til pausen. Om det skulle gå utover innsatsen i andre omgong gjenstod å sjå.

Odda skåra fyrste målet i andre omgong og reduserte til 4-2. Heldigvis var det att meir krutt i rosendalsgutane (sjølv utan bananer), og det tok ikkje lange tid før Jaran lurte av eitpar oddaforsvararar og plassert ballen bak målvakta. 5-2 og alt låg til rette for ein solid siger. Odda gav seg ikkje og ikkje lenge etter reduserte dei nok ein gong, 5-3. No vart det litt nervøst, men då Sebastian klinka inn 6-3 var det gjort. Det vart ikkje fleire mål, og vi var strålande nøgde med nok ein godt gjennomført kamp. 

Gratulera gutar med ein kjempesesong. 14 kampar med 12 sigrar, ein uavgjort og eitt tap står det respekt av.

No går vi direkte over på vinterserien, der vi skal spela mot lag vi aldri har spelt mot før. Dette vert spanande og ikkje minst vert det spanande å sjå korleis vi taklar overgongen til 9`ar fotball!

Desse var med (mål i parantes):

Ola, Torbjørn, Marcus (1), Sander (1), Øystein, Erik, Espen, Lars, Harald, Sebastian (1), Torstein (2), Tord, Jonatan og Jaran (1).