Siger i siste bortekamp

Siste bortekamp for J16 i sesongen var mot Bjørgum frå Voss. Med siger her var vi sikra bronse i serien i år. Eit ufysleg vèr gjorde sitt til at det vart ei kald oppleving, men ein klar siger og 3 poeng varma godt i bussen på vegen heim.

Nok ein gong vart det spanande om vi kunne stille lag til ein bortekamp, men det ordna seg til slutt. Velvilje frå fleire på J14 og 96'are som endrar planar for å vera med, gjorde at vi til slutt vart nok jenter. Ein stor takk til alle som vart med.

Sjølv om vèret, og mangel på innbyttarbuar, gjorde sitt til å dempa gleda med å spela kamp, varma spelet vårt på banen godt. Til tider var det flott fotball som vart spelt med glimrande passningsspel. Vi produserte mange gode sjansar, men uttellinga var ikkje som i forrige kamp. Til pause leia vi 3-1.

Andre omgang vart som i første med eit klart overtak til Rosendal. Då dommar blåste for full tid var sluttresultatet 7-2. Det var og gledleg at vi hadde 6 ulike målscorarar. Med litt hell ville vi hatt både fleire mål og målscorarar. Til tider stod vi i kø for å få ballen i mål.

Sesongen vert avslutta med heimekamp mot Ørnar neste helg.

Desse var med; Katrine Y Røssland, Thea A Helgesen, Marit D Guddal, Anne Marte Richardsen, Gina E Albrethson, Nathalie S Olderkjær, Renate Alfarnes, Tina S Olderkjær, Mariell V Gjuvsland, Ingeborg S Ljostveit, Mone Andrea T Førland, Cathrin Mehl, Olina Guddal og Eirin Hegland

Målscorarar; Ingeborg S Ljostveit, Thea A Helgesen, Mone Andrea T Førland (2), Tina S Olderkjær, Mariell V Gjuvsland, Nathalie S Olderkjær