Siste vårkamp for G13
Torsdag kveld var det duka for heimekamp mot Halsnøy. Dette var siste kamp for vårsesongen og nokre føresette hadde baka kaker og trakta kaffi for å gjera ekstra stas på både heimelag og bortelag. Kampen starta godt for Rosendal, etter eitpar minutt kom vi fint rundt på kanten og Marcus ordna sitt fyrste av seks mål i denne kampen. I heile fyrste omgong spelte gutane god fotball og var flinke å bruke sidene, dermed skapa vi målsjanse etter målsjanse og vi leia med komfortable 8-0 til pause.
I andre omgong vart vi litt for opptekne av å skora mål, og ballen gjekk mykje inn sentralt i banen. Gutane ville ha så mange mål som mogleg for å kunna ta Odda på målskilnaden og kapra fyrsteplassen i pulja. Det var mykje bra spel likevel, og vi kom rundt på kantane i denne omgongen og. Gutane skora 5 mål i andre omgong og vann med 13-0.
Det var ein god kamp der tilskuarane fekk sjå godt spel og mange mål. No ventar NorwayCup og det vert spanande å sjå korleis gutane taklar litt humpete bane og mykje liv og røre.
Treningsmoralen til gutane er formidabel, eit eksempel på dette er at dei nekta å ta fri frå trening i neste veke sjølv om det er fotballskule. Så i neste veke vert det mykje fotball 🙂
Desse var med (mål i parantes)
Ola, Sander, Lars, Jaran, Torbjørn (1), Torstein (1), Tord (3), Jonatan, Harald, Marcus (6) og Sebastian (1) + eit sjølvmål.