Siste seriekamp før ferien for J14
Torsdag reiste vi til Jondal for å spela siste kamp før sommarferien. Og sjølv om Jondal har heller svake resultat så langt, viste vi at dei var bedre enn resultata skulle tilseie. Det skulle likevel vise seg at det var litt klasseforskjell mellom laga, og vi kunne gå til pause med ei komfortabel 5-0 leiing.
Etter pause fall kvaliteten ein del, og vi slapp inn mål (2 stk), noko vi ikkje har gjordt siden opningskampen i april ! Tok litt meir tak mot slutten og la på til 6-2 som og vart sluttresultatet. Måla kom ved: Mari O.F 2, Kristine 2, Amalie 1 og Cathrin 1. Ikkje vår beste kamp, men likevel godt nok til å halde oss på topp av tabellen i ferien. Sju spela kampar har enda i seks sigrar og ein uavgjort.
No vert det ein kort og velfortent pause før vi startar oppkjøringa mot Norway Cup og haustsesongen. Må nok heve oss enda eit lite hakk om vi skal vinne serien, noko som må vera målet no.
LK