Slitekamp i varmen
Varmen gjorde sitt til at det vart ein slitekamp for Rosendal 2 J16 i kveld. Mot Smørås trakk vi det lengste strået og vann 1-0, som og var pauseresultatet.
Varmen prega begge lag og det meste av spelet foregikk på midtbanen i store deler av kampen. Dei farlegaste sjansane hadde Rosendal og i løpet av kampen var vi igjennom åleine med keeper nok gonger til å scora meir enn eit mål. Smørås skapte lite og den einaste sjansen dei hadde kom etter ein retur frå forsvar.
Det er ingenting å sei på innsats og vilje, sjølv om dei fleste nok merka varmen godt. Det er kjekt å sjå at det vi har fokus på på trening kjem fram i kamp. Det er ny kamp allerede i morgon så vi får håpe at alle klare å restituere seg til dess.
Målscorar: Ingeborg S Ljostveit
Desse spelte i dag: Thea A Helgesen, Astri M Skeie, Marit Guddal, Lene Krossøy, Juni Malene Ulvesæter, Mailin Klette, Maria O Hardeland, Leonie Pauline Zimmermann, Mone Andrea T Førland, Renate Alfarnes, Yasmym Nunes, Elisabeth Rebaudo, Ingeborg S Ljostveit, Nathalie S Olderkjær.