Sluttspelkampane klare
Småjenter- 14 møter Hasundgot i i 16.- delsfinale dag klokka 16:40. Småjenter- 13 møter Tønsberg eller Falkeid i kvartfinale klokka 12:50 i morgon. Smågutane møter Åmot i 16.- delsfinale idag klokka 16:40. Klikk deg vidare og les korleis motstandarane har gjort det i sitt puljespel.
Det vert ein spanande dag ogå i dag.
Småjenter -14 møter som sagt Hasundgot i dag. Hasundgot kom på andre plass i si pulje med ein siger, ein uavgjort og eitt tap og med 6-2 i målforskjell. Våre jenter har to sigrar og ein uavgjort med 9-2 i målforskjell så sjansane for avansement er bra.
Smågutane møter Åmot. Åmot har ein siger og to tap, med ein målforskjel på 7-7. Våre gutar har også ein siger og to tap, men deira målforskel er 2-9. Dersom dei tettar igjen bak og får dreisen på målteften er dette ein kamp som dei kan vinna, stå på gutar!
Småjente -13 møter anten Falkeid eller Tønsberg. Våre jenter gjekk direkte til kvartfinale på såkalla «walkover». Falkeid kom på 3. plass i si pulje med ein siger og to tap, målforskjel 4-3. Tønsberg enda sist i si gruppe som bestod av 3 lag, med null poeng og ein målforskjel på 0-11. Så her ligg det nok an til at jentene skal møta Falkeid på torsdag, men alt kan skje!
Vi ynskjer alle laga lykke til!
Her er småjenter-14 etter at dei vann 6-0 og vann si pulje igår. (Foto: Karoline Johnsen)