Smågut 14 år på Eidfjord Cup

Dette var ei kjempebra turnering for et hardt arbeidende rosendalslag. Gutane storspelte heile helga, og i innleiande kampar slo dei fyrst Kringlebotn 5-0, og så tapte dei mot same laget 1-3. Vidare slo dei Harding Kvit i to kampar 3-1 og 1-0 . Rosendal vart då puljevinnarar.


Semifinalen gjekk mot Harding Grøn. Eit lag gutane har slete mot i serien
tidlegare år. Harding Grøn gjekk opp i 2-0 leiing, eit resultat som sto seg til det var fem
minutt igjen av kampen. Då satte Rosendal inn støtet, og var heilt i kjellaren
for å hente dei siste kreftene. I løpet av dei siste fem minutta scora dei
to mål, og det vart uavgjort. Rosendal vann 4-3 på cornerar. Det står
respekt av den innsatsen og lagmoralen dei viste i denne kampen.

Finalen gjekk mot Kringlebotn, som dei hadde slått 5-0, og tapt 1-3 for
i innleiande runde. Rosendal fekk ei tidleg scoring, og hadde føringa i mesteparten av kampen. Så fekk Kringlebotn eit mål på frispark rett utanfor 16 meteren.
Skotet hadde keeperen vår full kontroll på, men så traff ballen eit kne,
og forandra retning. Rosendal fortsatte å ha føringa vidare i kampen, men
rett før slutt fekk Kringlebotn mål og då var løpet køyrd.

Guttane var litt skuffa over tapet ei lita stund. Surt å tape, når dei
følte at dei hadde det beste spelet. Men dei var veldig nøgd med eigen
innsats. Etter å ha fått tenkt seg litt om, så smakte sølv utruleg godt!

Gutane gjorde ein god profil både på banen, og utanfor banen. Ein fin
gjeng.