Smågut-99 med god innsats på ZinkenCup

Smågutt 99 viste svært godt igjen i Oddahallen på Zinken cup lørdag 11. febr. –12. Rosendal kvit åpna ballet med 2-0 seier i 1.kamp og fortsatte med 1-0 og 2-0 seirar og blei med det puljevinnar i pulje 1.
Det andre laget, Rosendal svart, tok ledelsen i 1.kamp, men tapte 1-2 mot Odda kvit. Men dei kom sterkt tilbake og vann dei to neste kampane med så god målforskjell (4-0 og 1-0) at dei faktisk også enda opp som puljevinnar (med betre målforskjell enn lag nr. 2) i pulje 2.


Då var det altså vidare til kvartfinaler der begge lag vann henholdsvis 6-1 og 4-0, med oppvisning i effektivt angrepsspel med mange flotte mål etter fint lagspel. 

No starta det  virkelig å dra seg til med begge lag til semifinaler og sjanse for ein innbyrdes finale. Rosendal kvit skulle først i ilden, og feide eit av  Odda laga av parketten med 3-0 seier etter solid gjennomføring både defansivt og offansivt. 

Rosendal svart byrja og bra i sin semifinale, men var litt uheldige med fleire skudd i stolper og tverrleggar, og då Odda rød fekk to mål , blei det tungt å få balanse i regnskapet igjen. Ein jevn kamp som med litt meir ”stang inn” kunne ha vippa begge vegar, enda til slutt med 4-0 seier til Odda rød. 

I finalen var Rosendal kvit klar for å møta nettopp Odda rød (som slo ut R.dal svart i semi), og med kompiser på sidelinja som heiagjeng og foreldre som spente tilskuere, var det klart for kveldens siste kamp etter ein lang og hektisk ettermiddag. Vi drog i land ein velfortjent 2-1 seier, etter scoringer av Mathias Øye Guddal og Sondre Myklebust. 

Jubelen stod i taket, etter ein hektisk, spennande og fartsfylt  lørdagskveld inne i fjellhallen.

På lagspokalen som vi fekk med oss heim står det: Zinken cup 2012, 1.pl. SMG-99. Når vi ser den vil vi ha mange gode minner: om vennskap, samarbeid og mykje fantastisk godt fotballspel !!! 

Mvh Yngve A. Guddal
Trenar G-99