Småjente 14 vann sin første kamp

Småjenter 14 år, er nett ferdig med sin første kamp. Den vann dei 2-1 mot Enebakk etter ein spanande kamp. Inga Øye sette inn første målet til Rosendal med eit langskot som enda i krysset.


Enebakk utlikna ei lita stund etterpå. Men jenten klarde å forsvara seg godt i kampen og nekta Enebakk fleir mål. Amalie Hanstveit kjempa til seg ballen mot slutten av kampen, finta siste forsvarar og satte vinnarmålet sikkert til side for keeper. Dermed vart det 2-1 siger i første kamp. No skal Småjente 13 år straks i ilden, lykke til!


Småjenter 14, etter sigeren i dag. (foto: Arvid Nes)