Småjentene vann eit tett toppoppgjer
PS, videolenken virkar no.
Det vart ein tett og jamn toppkamp på kunstgraset i dag. Gneist vitja Rosendal med likt tal poeng og kampar. Første omgang bar preg av nervøsitet og mangel på skot framføre mål. Rosednal hadde eit visst overtak i heile omgangen.
Andre omgang starta med eit tungt Gneist press dei første 15 minuttane. Målvakta til Rosendal, Katrin Røssland spelte knall godt og med hjelp av forsvaret haldt ho Rosendal inne i kampen.
Etterkvart greidde Rosendal å komma seg høgare på banen og spelte seg til nokre halvsjansar. Kampen såg ut til å ebba ut utan mål, men då det gjensto ca fire minutt kom målet. Målvakta til Gneist såg ut til å ha kontroll på eit lang framspel, men kom for seint ut. Tina Skår såg moglegheiten og gjekk på løp utan å vita at ballen kom til ho, bra iniativ! Ballen kom og Tina vart med eitt aleine på ope mål, utan at nervene spelte henne eit puss plasserte ho ballen sikkert i mål. Dermed vann Rosendal 1-0 og toppar tabellen etter ein særs spanande kamp!