Småjenter -13 vidare til semifinale etter dramatisk kamp!

Rosendalsjentene fekk ein tøff start med 2 på skadelista og 1-0 i mot allereie etter 5-6 minutt. Fleir mål vart det ikkje i omgangen og pauseresultatet vart 1-0 til Falkeid.


Etter ein litt famlande 1. omgang tok jentene tak i kampen og utlikna etter kort tid. Falkeid vart utspelt og jentene bombarderte målet deira, men utan uttelling. Falkeid fekk straffe etter det fyrste angrepet deira i 2. omgang, denne plasserte dei heldigvis i stolpen. Like etter var det Rosendal sin tur til å få straffe, denne gjekk først i mål, men dommaren fekk ikkje med seg at den hadde passert mållinja, men heldigvis var straffeskytaren frampå og fekk klinka den i nota. Jentene hadde snudd kampen til 2-1 leiing.

Det vert meld om ein spanande kamp der innsatsen til jentene i 2. omgang redda vidare avansement til semifinalen.

Såvidt vi veit er det ingen andre rosendallag som har nådd semifinale i B-sluttspelet i Norway Cup!

Allereie klokka 15:30 i dag er det semifinale mot Snøgg. Snøgg kom på tredje plass i si pulje med ein siger og to tap, målforskjel 3-8. Kampstart 15:30.